Opningsfest med SKAM tysdag 17. August!Av: Anette Bergerud [Sist endra: 18.08.2010 10:24:07]

SKAM dreg i gong det nye året på Rokken. Noko anna vill vore ein skam! Studentbandet frå Volda har det siste halvåret fått stadig fleire tilbod om spelejobbar. Dei har jammen meg spelt i OSLO òg. Utan å blitt jaga heimatt.
Utover kvelden etter konserten held ein fram med disko!
NB! Vi legg ut 200 billettar på nett!
Kjøp billett her!
SKAM består av 8 viltre og yre studentar med bakgrunn frå musikklina ved Høg-skulen i Volda. Dei starta opp hausten 2006 i samband med ein studentbandkveld, og har sidan laga mange flotte dansevenlege stunder på Rokken. SKAM er eit lyntog som ikkje let seg stoppe. På ein konsert med SKAM får ein servert ei fin blanding av coverlåter og eigeprodusert materiale.
Dørene opnar 21:00
Billettpris: kr 100/150,-
Du kan kjøpe billett her!
|