|
JOBBE SOM FRIVILLIG PÅ STUDENTHUSET ROKKEN?
No er det vår, og Rokken opnar dørene igjen for nye og gamle studentar. Derfor går vi allereie no ut og søkjer etter studentar som har lyst til å hjelpe oss med å drive vårt kjære studenthus.
Vi har mange forskjellige stillingar, så vi håper at du finn noko du vil like å jobbe med. Dette er ingen tidkrevjande jobb, og vi har eit mål om at du ikkje skal jobbe meir en to gangar i månaden. Med å jobbe på Rokken kan du få mange fordelar, som:
- Gratis inngang på dei fleste konsertar og andre arr.
- Gratis garderobe
- Gratis kaffi & te i caféen
- Få vere med på internfestar
- Bli kjent med mange flotte mennesker
- Ein fin attest som viser at du har hatt ein frivilleg jobb (noko arbeidstakarar visstnok set svært høgt!)
Dette er inga bindande påmelding, men du kan fylle ut skjemaet (sjå link nederst på sida) så vil du bli kontakta med meir informasjon eller vi kan svare på spørsmål dersom du har det.
Dei forskjellige stillingane ein kan søkje på er:
Vi kjem også til å ha standar på Rokken og Berte-Kanutte under heile opningsveka.
Vi håpar å høyre frå deg, og gledar oss hemningslaust til å sjå deg på Rokken!
Gå til denne sida for å melde deg til frivillig arbeid på Studenthuset Rokken eller send ein e-post til samfunnet@hivolda.no
Vi gler oss til å treffe deg! |