Sommaren blei ein fest då Ari Bajgora slapp første del av albumet «Valget å gå, og vi gikk», der monsterhiten «Falle og slå seg» satt nye rekordar på topplistene i Noreg. Tre månadar seinare fekk vi stadfesta at dette berre var starten, då han kom ut med den andre delen av albumet. Med ein kombinasjon av rå, ærlege raptekstar og fengande refreng, har rapparen frå Oslo blitt løfta frå ein lokal hemmelegheit til eit nasjonalt gjennombrot. Dette blei stadfesta med fleire prisar, då han vann Årets gjennombrot både ved P3 Gull og Spellemann, samt Årets Hiphop ved sistnemnde.

No legg Ari Bajgora snart ut på Noregsturné til ni ulike stader i landet. Billettene blei solgt ut på eit blunk og rapparen skal no halde totalt 13 konsertar. Vi gler oss til å sjå ein energifylt og sjølvsikker Ari Bajgora på ein utseld Rokken den 14. november!

 

Doors: 20:00

Show: 22:00

18 års aldersgrense