Tysdag 19.08 - Hedda Mae

Hedda Mae står klar på scena for å opne heile Fadderveka 2025! Med sin energiske retro-pop, fengande hits og ustoppelege scenetekke har ho trollbunde publikum frå by:Larm til Europaturné – no står Volda for tur når ho kjem for å sparke i gang feststemninga.

 

Dører: 20:00

Showstart: 22:00

18 års aldersgrense

Alle billettar sleppast 19.08 kl 12:00!

 

Onsdag 20.08 - Fadderkviss

Vi kickstartar semesteret og fadderveka med ein heidundrande kvisskveld full av god stemning, morosame spørsmål og flotte premiar! Dette er den perfekte sjansen til å samle faddergruppa, bli kjent med nye folk og kanskje oppdage din indre kvissmaster!

 

Dører: 19:00

Showstart: 20:00

18 års aldersgrense

Gratis inngang

 

Torsdag 21.08 - TBA

To be announced... Klarer du å gjette kva som skal skje denne dagen?

Alle billettar sleppast 19.08 kl 12:00!

 

Fredag 22.08 - Knekt

KNEKT tek scena under Fadderveka 2025 – og det blir heftig! Med ungdommeleg råskap, tunge riff og ein sceneprestasjon som får golvet til å riste, leverer dei rock du kjenner i heile kroppen.

 

Dører: 20:00

Showstart: 22:00

18 års aldersgrense

Alle billettar sleppast 19.08 kl 12:00!Laurdag 23.08 - Temafest: Heaven & Hell + Sleppfest for hausten

 

Laurdag 23.08 - Temafest: Heaven & Hell + Sleppfest

Gjer deg klar til kvelden der englar møter syndarar, og lys og mørke kolliderer på dansegolvet! Kle deg i kvitt, gull og glorie – eller raudt, svart og horn! Uansett kva side du vel å stå på, lovar vi ein kveld full av god stemning, digg musikk og uforgløymelege augeblikk!

Det blir ikkje berre ein rå temafest – vi slepper heile programmet for hausten 2025! Du vil ikkje gå glipp av dette.

 

Dører: 22:00

18 års aldersgrense

Alle billettar sleppast 19.08 kl 12:00!Laurdag 23.08 - Temafest: Heaven & Hell + Sleppfest for hausten

 

Tysdag 26:08 - Frivilligmøte, bli frivillig! 

Har du lyst til å bli frivillig på eitt av dei beste studenthusa i Noreg? Stikk innom frivilligmøtet! Der får du vite meir om kva det vil seie å vere frivillig, alle fordelane som følgjer med – og ikkje minst kva for grupper du kan bli med i!

 

Onsdag 27.08 - Kviss for newbies

Onsdag = kvissdag! Ein hyggeleg runde for nye studentar (og alle andre) med gode spørsmål, latter og god stemning. Velkommen til Kviss for newbies!

 

Dører: 19:00

Showstart: 20:00

18 års aldersgrense

Gratis inngang

 

Torsdag 28.08 - TØFL

TØFL kjem til Fadderveka i Volda – klare for å levere indiepopfest på høgoktan! Etter å ha seld ut Rockefeller, Samfundet og to år på rad fylt Fiskepiren til randen, spelt på Mablis som headlinar og gjesta Lindmo, er dei kjende for rungande allsang, rå energi og låtar som samlar publikum til eitt stort felles adrenalinrush.

 

Dører: 20:00

Showstart: 22:00

18 års aldersgrense

Alle billettar sleppast 19.08 kl 12:00!Fredag 29.08 - Karaoke

Laurdag 30.08 - Klikkedisco

Gjer deg klar til å avslutte fadderveka med eit smell! På KLIKKEDISCO skal det smelle, blinke, og dansegolvet skal riste under beina dine! Gjer deg klar til crazy good vibes!

 

Dører: 22:00

18 års aldersgrense

Alle billettar sleppast 19.08 kl 12:00!