Kafémedarbeidar 60% stilling

Vil du jobbe hos oss på Rokken Café? I midten av august startar vi opp med nytt konsept og ny giv, og vi vil veldig gjerne ha deg med på laget!
Har du relevant erfaring frå bransjen og gode samarbeidsevner kan dette vere jobben for deg. Vi er på utkikk etter to kafémedarbeidarar i 60% stilling som kan vere med å gjere Rokken Café til ein hyggjeleg plass for både studentar og lokalbefolkninga.
Kva skal du gjere?
• Vere vårt blide ansikt utad, utøve strålande service og sørge for at kaféen er ryddig og presentabel.
• Ta hand om bestillingar, tilberede mat, servere og rydde slik at alle gjestane blir fornøgde.
Kven er du?
• Norsktalande
• Serviceinnstilt og sjølvstendig
• Ein god lagspelar med eit positivt sinn
Vi tilbyr
• Ein hektisk og spennande kvardag
• Eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø
• Dei flinke kokkane i Studentsamskipnaden vil stå for opplæring, og du vil jobbe i tett samarbeid med dei
• Gode pensjonsordningar
• Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande tariff
Du blir tilsett i Studentsamskipnaden i Volda. Arbeidsstad vert hovudsakleg på Rokken Café, men i periodar kan det også bli aktuelt å jobbe i kantina på høgskulen.
Vi gleder oss til å høyre frå deg! Dette blir kjekt.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Jan Harald Eikenes tlf. 911 57 009.
Søknad med CV sendast til:
jan-harald@sivolda.no eller
Studentsamskipnaden i Volda, Postboks 278, 6101 Volda
Søknadsfrist: 20. mai