Rokken feirar 20 år!

I april arrangerer vi jubileumsfestival for å feire to tiår med studentliv, frivilligheit, samhald og kultur. Det blir ei veke med feiring, vinyl og Rai Rai!
Sidan Rokken opna dørene 22. april 2005 har det vore ein viktig møteplass for Voldastudentar og lokalbefolkning - ein stad for kulturelle arrangement, konsertar, festivalar og ikkje minst eit sosialt sentrum der studentar på tvers av studieretningar har møttest og skapt dyrebare minner. Rokken har i løpet av dei siste 20 åra blitt ein essensiell del av kulturlivet i Volda, og dette må sjølvsagt feirast.
- Det har vore ei fantastisk glede å vere ein del av Rokken si historie dei siste 10 åra. Studenthuset Rokken er meir enn berre eit studenthus. Det er ein plass du kan finne tilhøyrighet, skape vennskap for livet og til og med starte ei karriere. Det er eit fellesskap der alle bidreg til å skape opplevingar og minner for seg sjølv og medstudentane, seier Anders Horvei, dagleg leiar på Studenthuset Rokken.
XL-1 og Rai Rai
Veka etter påske går jubileet av stabelen med eit program som har noko for ein kvar smak. Jubileumsveka vert opna av den lokale legenda, som også spelte på åpningsdagen - Egil Olsen, som tek oss med inn i si boble av melankolske viser, underfundig humor og unike kontakt med publikum.
Tidlegare voldastudent og tv-personlegheit Simon Nitsche gjer comeback som quizmaster på den vekentlege onsdagskvissen, og torsdagen blir ein kveld fylt med gode vibbar og fantastisk musikk på analog vis – det blir nemleg vinylkveld. Jubileumsveka blir avslutta med ei kavalkade med tre studentband: Rapgruppa Dårlig Stemning, folkerockbandet Sjándi og ikkje minst legendariske Cinnamon City. Kavalkada blir avslutta med god gammaldags disko med ringreven Dj Twat bak miksebordet.
Sist, men ikkje minst; Fredagen, då kjem den store headlineren vår, ingen ringare enn Namsos store søner - D.D.E! Her blir det både XL-1 og Rett i koppen og Rai Rai.
- Det er sjølvsagt at ei så viktig markering som 20 år må feirast med eit stort namn. Då er det stas å få på plass eit så svært namn som D.D.E. Spesielt sidan dei ikkje har vore her sidan VEKA 2012 seier Horvei.
Vi gler oss til å feire 20 år saman med gjestane våre. Følg med på programmet i våre sosiale medium og på vår nettside. Billettane vert slept fredag.