Studenthuset Rokken søkjer:

 

Bookingansvarleg

Rokken er ei ynda scene for artist-Noreg, og me er på jakt etter nokon som har ambisjonar for å ta det endå høgare! Rokken har to booking-ansvarlege, som sørgjer for å henta inn artistar og eksterne arrangement til huset. Booking-ansvarleg svarer direkte til dagleg leiar, og får dyktig opplæring i både kommunikasjon med og booking av artistar, samansetning av år-program, hospitality/gjestfridom og avvikling av konsertar og event.

Du vil ha gruppeansvar for ei lita gruppe artistvertar. Du vil både få jobba opp mot nokre av dei største artistane i landet, og med ei av dei råaste klubb-scenene i landet. Du treng inga erfaring, men bør vera engasjerte og interesserte i musikk og event!

Er du utadgående og skapande? Er du interessert i ei unik erfaring som kan sitja i sentrum på CV-en? Då er denne jobben midt i blinken for deg!

Har du spørsmål - send ein e-post til booking@rokken.no.

 

PR/Kommunikasjons-ansvarleg

Rokken har høge mål for PR og kommunikasjon, og leitar etter deg som vil vera med å jobba for ein av dei råaste konsertscenene i landet. Som PR-ansvarleg vil du jobba i tandem saman med noverande PR-ansvarleg, med mellom anna styring av sosiale medium, marknadsføring av konsertar og event, billettsal, filming og fotografering. Dei PR-ansvarlege har også gruppeansvar for rundt 20 engasjerte PR-frivillige. 

Du vil både få jobba opp mot nokre av dei største artistane i landet, og med kanksje det mest dedikerte studentmiljøet sør for Trondheim. Du bør ha erfaring innan foto, video, design, eller sosiale medium.

Er du lærevillig og engasjert? Er du på utkikk etter eit unikt springbrett inn i PR- og kommunikasjons-bransjen? Då dette jobben for deg!

Har du spørsmål - send ein e-post til pr@rokken.no.

 

Alle interesserte kontaktast fortløpende, me ser fram til å høyre frå deg!

 

Meld interesse!

Eventuell tidligere erfaring, link til portefølje eller lignende