Testimonials frå Rokken - Kristina Juul Jørgensen
Ti år etter at ho fullførte bachelorgraden sin, bur Kristina framleis i bygda. Les om tida hennar som frivillig på Rokken her!
Kvifor bestemte du deg for å bli frivillig på Rokken?
Då eg flytta til Volda ein nydeleg seinsommaradag i 2013, gjekk det faktisk berre 3 dagar før eg fekk streng beskjed frå ein klassekamerat (som akkurat hadde starta på sin andre bachelor her) om å bli frivillig på Rokken (shoutout til Henrik Grinde). Eg tok kontakt med Chris-Håvard Berge, som då var teknisk ansvarleg, på stand på Høgskulen, og slik gjekk det til. Det passa perfekt å jobbe hos ein konsertarrangør sidan eg studerte bachelor i musikk.
Kva gruppe var du med i, og kva årstal var du her?
Eg byrja først i teknisk, og var der frå 2013–2015. I 2015 spurde eg dagleg leiar Åge om å få bli med i booking. Heldigvis var det utskifting på gang, og eg fekk plass. Der var eg frå 2015–2018. Då hadde eg ansvar for budsjett og booking av artistar, i tillegg til overordna ansvar for artistvertane (som vi kalla produksjonsansvarlege). Eg var i tillegg med i samfunnsstyret, VEKA-styret og eg var med å starte Bygdesus-festivalen. Det var også Rokken som hadde ansvar for artistane under X2 (ikkje booking, men artistvertar og backstage). I 2015 var eg også revysjef for Vekerevyen, og i 2018 var eg med i bandet til revyen. Ooog eg har vore DJ! Eg var DJ Lucy, det var vel rundt 2017/18 tippar eg. Sambuaren min vart også DJ-ansvarleg på huset, og då såg eg mitt snitt til å kommersialisere Rokken-laurdagane litt, og samla heile DJ-gruppa til eit møte der alle måtte lage seg DJ-namn. Så fekk vi laga eigne event med namna og musikkstil for å hype kveldene meir opp. Det må ha vore før første Bygdesus, for då booka vi inn fleire av DJ’ane til å spele på dei ulike scenene rundt om på huset.
Har frivilligarbeidet på Rokken hatt noko å seie for det du gjer i dag?
Chris-Håvard Berge er faktisk sjefen min i dag også. Berre at no betaler han meg lønn for arbeidet. Det var ganske tilfeldig at eg byrja å jobbe i Oclin. Men, undervegs i studiet på musikk, og erfaringa eg fekk frå Rokken, vart det klart for meg at eg var glad i det organisatoriske, altså prosjektleiing i kreative fag. Etter å først ha jobba som digital marknadsførar i 5 år, byrja eg i 2023 i Oclin og jobbar der no som prosjektleiar og produsent for filmproduksjon. Det må også nemnast at alle som jobbar i Oclin, og dette er på ekte heilt tilfeldig, har jobba som frivillige på Rokken. Eg fekk eit ekstremt stort nettverk som har betydd mykje for åra etter avslutta skulegang. Både her i Volda, men også rundt om i heile Noreg ettersom studentane flyttar på seg igjen og byrjar i ulike bedrifter.
Fekk du nye ferdigheiter eller ansvar du ikkje hadde prøvd før?
Jajaja, masse! Eg lærte alt om det tekniske utstyret på Rokken, og var i stand til å både styre lyd og lys på konsertar. Det var ikkje tilliten frå dei teknisk ansvarlege det stod på, men kanskje meir min eigen sjølvtillit, haha. I tillegg lærte eg ekstremt mykje om musikkbransjen, vart kjend med bookingagentar og management, og ikkje minst budsjett og budsjettforhandlingar.
Kva er ditt beste minne frå Rokken?
Det er vanskeleg. Mitt beste Rokkenminne må vere dei gyldne 10 minutta vi brukte på debrief etter ein stor (og sein) kveld. Alle på scenekanten, medan HA gjekk gjennom kveldens hendingar og evaluering. Eg hugsar også godt kjensla etter å ha opna dørene til historiens første Bygdesus. Låge billettprisar, 20-årsavdeling på galleri, bandkonkurranse og ikkje minst dritkule artistar – utan å stå sild i tønne. Alle var der for musikken og stemninga. Og ikkje minst den sykt kule merchen vi hadde laga med sunnmørske uttrykk!
Kva vil du seie til dei som vurderer å bli frivillig på Rokken?
For det første, om du vurderer det må du prøve. Så kan du heller droppe det om det er kjipt. Men det blir det ikkje. Det nettverket du får (for framtida og ut i arbeidslivet også) er heilt uvurderleg. I tillegg er det ei fantastisk kjensle å samarbeide med andre, få så mykje ansvar du vil, og få teste og vere med på gøye ting. Du får ikkje den same moglegheita andre stader. Og det veit eg, for eg har studert andre stader også. Rokken vil alltid ha ein plass i hjartet mitt!

