Vi søkjer etter studentar som har lyst til å hjelpe oss med å drive vårt kjære studenthus! På Rokken har vi fleire stillingar og vi håper at du finn noko du er interessert i. Jobben er ikkje tidkrevjande og vi har som mål at ein ikkje skal jobbe meir enn to gongar i månaden. Ved å jobbe på Rokken får ein fleire fordelar. Blant anna:

Gratis inngang på dei fleste konsertar og andre arrangement
Gratis garderobe
Moglegheita til å verte kjent med masse kjekke folk
Internfestar og hytteturar
Ein fin attest som viser ditt frivillige verv


Dei ulike stillingane ein kan søkje på er:

Bar
Crew
Vakt 
Teknisk 
PR 
Kvissmaster
DJ

Send oss gjerne ein e-post på studentsamfunnetivolda@gmail.com dersom du er interessert, vil ha meir informasjon eller har nokre spørsmål.

Vi gler oss til å møte deg!