Er du vår nye PR-ansvarleg?
Er du lei av å ha en kjedeleg CV? Redd for spørsmålet "Ei heil utdanning i Volda, gjorde du noko utanfor skulen då?". Løysninga er her!
Vi er på jakt etter ein ny PR-ansvarleg i Studentsamfunnet i Volda!
Vår noverande PR-ansvarlege skal ut på nye eventyr, og vi treng difor ein ny engasjert person til å ta over stafettpinnen.
Som PR-ansvarleg er det DU som har hovudansvar for promotering og kommunikasjon knytt til Studenthuset Rokken. Du sørger for at alle får med seg kva som skjer på huset! Dette er eit styreverv i Studentsamfunnet i Volda, og du blir ein viktig del av eit engasjert styre som jobbar for å gjere studentlivet best mogleg.
Arbeidsoppgåver:
-
Leie og følgje opp PR-gruppa med frivillige
-
Lage og gjennomføre promoteringsplanar for arrangement
-
Jobbe tett saman med mediecrew-ansvarleg (fotografering og visuelt innhald) og booking-ansvarleg
-
Bidra til å styrke Rokken sitt omdøme og synlegheit i Volda og elles
Kven ser vi etter?
-
Du er engasjert, kreativ og glad i å formidle
-
Du liker å samarbeide med andre, men har også ansvarskjensle og kan ta eigne initiativ
-
Erfaring med sosiale medium, grafisk design eller kommunikasjon er ein fordel – men ikkje eit krav!
Som styremedlem i Studentsamfunnet er du garantert:
-
Erfaringar og kunnskap som din neste arbeidsgivar siklar etter
-
Tøff styregensar
-
Det beste arbeidsmiljøet i Volda sentrum
-
Erfaring med sosiale medium, grafisk design eller kommunikasjon er ein fordel – men ikkje eit krav!
Interessert? Send inn ein søknad då vel!

