Studenthuset Rokken - Drive av og for studentar siden 2005

Studenthuset Rokken er studenthuset i Volda, og ligg på kjøpesenteret Spinneriet, eit steinkast unna Volda sentrum. Studenthuset opna dørene den 22. april 2005, og har sidan vore ein sentral møteplass for både studentar og lokale. Studenthuset har arrangement som Kviss, Karaoke, Spelkveld eller Temafestar. Huset er ein av landets mest ettertrakta klubbscener, og held regelmessig konsertar med nokon av landets kulaste artistar.

Studenthuset AS er heileigd av Studentsamskipnaden i Volda, og drifta skjer i samarbeid med Studentsamfunnet i Volda, som organiserar dei frivillige på huset. Studentsamfunnet vart skipa i 1978, og har siden vore ein sentral aktør i studentmiljøet både gjennom drifta av fleire studentmøteplassar, og VEKA-festivalen, som arrangerast kvart år.

Foto: Sivert Brautaset