I animert kortfilm nyttar ein seg mykje av visuelle metaforar - nokre gonger for å snike seg utanom sensur myndigheiter, andre gonger for å skape nye assosiasjonar og opne opp forståinga av fenomena. Gjennom eit filmprogram og ein samtale med den estiske animasjonsregissøren Riho Unt om hans film Sõda ser vi på animerte metaforar i fred og konflikt.

Riho Unt er ein estisk anmiasjonsregissør og førsteamanuensis ved det Estiske kunstakademiet. Han har arbeidd mest med dukkefilm i kortformat, noko han har mottatt ei rekke internasjonale utmerkingar for. Filmen Sõda, Krig på norsk, blei laga kort tid før oppløysinga av Sovjetunionen, og fortel gjennom kråker, rotter og ei flaggermus historia om Estlands turbulente forhold til sine store naboar i aust og vest. Samtalen med Unt blir leia av Andres Mänd, som ved sidan av å vere førstelektor ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda er kollega av Unt i animasjonsselskapet Nukufilm.

Før møtet med Unt presenterer høgskulelektor Trygve Nielsen eit kortfilmprogram med meir eller mindre krigerske metaforar opp gjennom animasjonsfilmhistoria.

Dørene åpner 19.00
CC: 0,-
ID: 18+