Beate Slettevoll Lech, frå Volda, kjem med gruppa si Beady Belle til Rokken. Ho gjorde ein sterk profil under haustens Stjernekamp.



Beady Belle "Dedication"


Beady Belle sitt åttande album «Dedication» vart sluppet April 2018.


Soul:
Med «Dedication» har Beady Belle samla alle inspirasjonstrådane til kjerna av kven ho er. Det er levande, organisk, energisk, cool, emosjonelt, nært og ikkje minst funky! "Min kjærlighet til Soul musikk er uforbeholden", seier ho. På «Dedication» utfoldar ho seg i dinne verda til fulle! Musikken gir assosiasjonar til 70-tallet. Den er live innspelt med gamle, originale instrumenter. Rufsete og upolert. Med grooven som kompromisslaus motor. "Jeg kjenner et hint av mine store helter; Stevie Wonder, Marvin Gaye, Donny Hathaway og Aretha Franklin. Samtidig som yngre Soul artister, som Alicia Keys, Raphael Saadiq, Lauryn Hill og Frank Ocean hvisker meg bak øret", fortel ho.


Live:
Liveopptredinga til Beady Belle er kjent for nerven og temperaturen sin. Beady Belle har sidan tidleg 2000-tall spelt i store delar av verden - i over 160 byar i 28 land. "Scenen er en naturlig arena for meg. Og det er en
forlenget arm av det å skape musikk", seier Beady Belle. "Jeg ønsker ikke at musikken skal stivne i én form, for så å bli gjentatt og gjentatt. Jeg vil at den skal utvikle seg og leve!". I liveopptredenane til Beady Belle er
musikken åpna opp, så det er rom for improvisasjon og leik. To Beady Belle konsertar er aldri like. "Jeg elsker å ta sjanser på scenen", smiler Beady Belle. Live-uttrykket er eksplosivt og rått, samtidig som det er nært og skjørt - og med grooven solid planta i kjerna av det heile. Og krona på verket er som alltid
Beady Belles fløyelsmjuke stemme som snor seg leikende lett, men med rivande nerve og tilstedeværing. Det hypnotiserar og pirrar...


Beady Belle sine sterke og fengjande låtar blir framført av eit samspelt band, leda av ein ubestridt frontfigur. Beady Belle har variert livebanda sine frå år til år. Noko som også er med på å understreke åpenheita i livekonseptet. Men kvar musiker er håndplukka fra øverste hylle. "Bandet består av anerkjente musikere
som alle er virtuoser med en tydelig signatur i spillet sitt", seier Beady Belle, "men viktigst av alt er at vi som en enhet finner gyngen og en felles forståelse av hva som skaper fremdrift. Finner vi dette, kan alt skje!", smile ho.


Live-oppsettet til Beady Belle 2018:

Lead vokal: Beady Belle
Keys: David Wallumrød
Trommer: Bjørn Sæther
Bass: Marius Reksjø
Backing vokal: Sofie "Fieh" Tollefsbøl og Anja Martine Mørk


Dedikasjon:
Tittelen, «Dedication», henvise til det viktigaste i livet - til ein kvar tid - som ein går gjennom ild og vatn for, som alt står og faller på, som ein kjempar for av alle krefter. Det er den kampen som krevjer full dedikasjon for å kunne vinnast. Men ein er likevel aldri sikra å seire... Premien kan være eit pust av lykke,
eit lettelsens sukk, ein brusande seier eller ein befriande ro. Vi har alle kamper å kjempe. "Noen ganger må man feste blikket for å holde stø kurs", seie ho. "Og veien frem kan bli lagt i skyggen for målet der fremme. Men om man finner sin egen, ærlige veg, kan man likevel være tilstede mens man går. Vegene til Rom er mange..."


Innspelinga av «Dedication» blei gjort live i Oslo.
Recorda av Roar Nilsen i Nabolaget studio.
Backing-vokalen er recorda i Robin Mullarkeys studio i London.
Koristane; LaDonna Harley Peters, Sharlene Hector og Vula Malinga er tre høgt profilerte engelske sangare som har sunget med dei største stjernane i verda (Bl.a. Adele, Alicia Keys, Madonna, Grace Jones, Mary J Blige, Lalah Hathaway, Laura Mvula, Sam Smith, Basement Jaxx, osv...) Trioen kallar seg LaSharVu.
Musikerane er frå landets øverste hylle: Orgel, Rhodes, flygel, synth, clavinet og gitar: David Wallumrød.
Trommer: Bjørn Sæther. El-bass:Marius Reksjø. Percussion: Martin Windstad. El-sitar: Bjørn Charles Dreyer. Albumet er mikset av Bård Ingebrigtsen i Amper Tone og masteret av George Tanderø Mix&Mastering.