Sunnmørsbandet Faculty of Funk, denne gongen med gjestemusiker Øyvind Lied, dreg dei heitaste låtane når dei byr inn til fest.

Bandet har heile 11 medlemmar og med det full blåserekke, eit tight komp og solid vokal, og lovar heftige rytmar og solid trøkk frå første til siste låt. Bandet spelar på festivalar og utestadar, og lagar alltid liv der dei er.

Faculty of Funk spelar hovudsakleg soul- og groove-basert musikk frå 60- og 70-talet, men har også med nokre hits frå nyare tider.

Dørene opnar: 21.00
Konsert: 22.00
ID:18+
CC: 200,-/300,-