VELKOMEN TIL ÅRETS FADDER-KICKOFF!
Vi møtest på Rokken til eit program fullt av nyttig input, viktig info og mykje sosialt for alle som skal vere fadder til hausten! Her er det berre å tune seg inn på rolla:
- Intro med styret for Fadderveka '22
- Fadderspelet v/ Christine Berntsen
- Samarbeid for ein trygg studiestart v/ Politiet
- Workshop om rolle og oppgåver

Programmet er likt begge dagar. Alle fadrar melder seg på ein av dagane som del av vervet som fadder. Påmelding her: https://nettskjema.no/a/271149.
Om du ikkje har anledning, men likevel vil vere fadder, må du sende mail til marit.aklestad@hivolda.no.

Det blir god tid til å vere sosial, vi spanderer god mat etter programmet begge dagar, og vi avsluttar med å samle alle til felles konsert tysdag kl 20.00 på Rokken.