Endeleg kjem festspeldiktar Odd Nordstoga!

Det er to konsertar på Rokken denne kvelden. Ein kl. 18 og ein kl. 21. Begge har avgrensa kapasitet, så ver rask med å tinge din billett!

NB: sjå viktig informasjon ved tinging av billettar lenger nede i teksten.

I samarbeid med Rokken i Volda presenterer Dei nynorske festspela Odd Nordstoga, som i haust legg ut på ein turné ulikt det han nokon gong har gjort før. I ein ny triokonstellasjon og med ferskt album i bagasjen gir han to konsertar på Rokken denne kvelden, tilpassa ein ny kvardag.

Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album «Fatig ferdamann».

Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge er fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå mange andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til Rokken. Då er det ingen grunn til å sitje heime. Velkomen til konsert!

Når du har tinga billettar kan du sende e-post til post@rokken.no for å informere om kven du skal sitje saman med, dersom de er i same husstand eller kohort. Par blir plassert saman, og kohortar på tre-fem personar blir plasserte saman ved bord og elles er det enkle plassar med ein meters mellomrom. Namn og telefonnummer blir lagra i ti dagar etter arrangemenetet for å sikre eventuell smittesporing.

Konserten er ein del av programrekkja Etterspel, presentert av Dei nynorske festspela. Fleire arrangement blir annonserte snart!