Jazzklubb: Natalie Sandtorv og Møremusikarane
- 25oktStudenthuset Rokken
Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterer LARM og lyden av Møre og Romsdal
Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping i Molde, Ålesund og Volda.
Sidan våren 2018 har Møremusikarane jobba med eit splitter nytt, orginalskrive musikkprosjekt i samarbeid med Ålesundsartisten Natalie Sandtorv. Prosjektet har fått namnet LARM, og søker å finne lyden av Møre og Romsdal.
- Vi er spent på å høyre det musikalske uttrykket musikarane har kome fram til, og er stolt over at fylkeskommunen samarbeider med nokre av dei mest aktive scenene i fylket, seier HeidiIren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal.
Lyden av fylket
- Kva er lyden av Møre og Romsdal?
- Det er på mange måtar summen av musikarane våre som kjem frå heile fylket og deira musikalske uttrykk og oppvekst. Heile prosjektet er eit eksperiment som skal uttrykke ein slags Møre og Romsdalsk identitet, seier prosjektleiar Erlend Bilsbak i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Kvifor namnet LARM?
- Vi liker klangen av ordet. Det står for leven og lyd, og i tillegg er det faktisk eit akronym for Lyden av Møre og Romsdal, seier Bilsbak.
Om dei har lukkast kan du sjølv avgjera mellom 24. oktober og 3. november. Musikarane legg ut på turne til Ålesund, Volda og Molde. Turnéen blir avslutta med ein eksklusiv konsertinnspeling i Oceansound Studio på Giske, som blir open for publikum.
Sunnmøres Robyn
Møremusikarane ønskjer å nå ut til eit yngre publikum, og slik kom samarbeidet med Natalie i gang. Natalie er omtalt av Sunnmørsposten som «Sunnmøres Robyn», og var nyleg aktuell som opningsartist på Jugendfest. Der var ho i selskap med artistar som Sigrid, Alan Walker, MØ, Cezinando og Astrid S.
Musikarar frå heile fylket
LARM-prosjektet involverer alle dei ni faste musikarane i Møremusikarordninga. Besetninga består av både klassisk og rytmisk skolerte musikarar, og måler difor med brei pensel når dei skal finne den musikalske identiteten til Møre og Romsdal. I musikken finn ein element av alt frå electronica, progrock, jazz og folkemusikk meisterleg sydd saman av Natalie Sandtorv og Møremusikarane.
Møremusikarane er Møre og Romsdal fylkeskommune si distriktsmusikarordning. Målet med ordninga er å vere med på å løfte fylket sitt musikkliv til nye høgder, ved å leige ut profesjonelle musikarar og gjennomføre prosjekt, som LARM.
Jugendfestivalen skriv at ‘Natalie opererer i en støvete pop-verden med sterke bånd til artister som Lykke Li, Kanye West, og Solange. Musikken er en energisk, drømmende og suggererende’. Det engelske musikkmagasinet NME omtalar Natalie som ein artist å sjå opp for i 2018.
Prisar:
Ordinær: 250,-
Student: 200,-
Jazzklubb-medlem: 150,-