Bandet Rohey leverar musikk som er fullspekka av energi, groove og funk. Musikken har dype røtter i soulen samtidig som den er forankra i det 21. århundre med feite synthesizers, pulserande groover og smakfulle detaljar.

 

Ledande vokalist Rohey Taalah leverar same kjenslemessig kompleksitet som klassiske jazz eller soul vokalistar gjør. Ivan Blomkvist, på tangenter, har uttrykk både frå “old-school” og ein moderne retrofuturistisk sound, mens bassist Kristian B. Jacobsen og Henrik Lødøen på trommer skapar jazz soul-funk hybride rytmer.

 

Rohey har turnert over hele Skandinavia, og deltatt på nesten alle jazzfestivaler som er å finne. Med utgivinga “A Million Things” som kom på Jazzland Recordings i 2017, kan ein fortvente at dei kjem seg vidare. Musikk som er så bra kan ikkje holdast hemmeleg lenge. “A Million Things” utgjør ein balansekunst som dei fleste popartistar har gløymt, korleis skrive og spele sangar med full overbevisning, samtidig som dei har eit kunstnerisk uttrykk på scena.

 

Rohey Taalah - vokal

Ivan Blomqvist - tangentar

Kristian B. Jacobsen - bass

Henrik Lødøen - trommer

 

Priser:

Kr 250,-

Medlem: kr 150,-

Student: kr 50,-