På konfliktkafé inviterer studenthumanisten og studentpresten til å undre seg over kva konflikt er.

Kva er ei konflikt egentlig? Er det uenigheit, og noko som er vanskeleg eller kanskje noko konstruktivt? Kva ligg det i å vere konfliktsky? Når er det eigentleg nødvendig å gå inn i ei konflikt?

Vi møtast over ein kopp kaffe/te og noko godt attåt, og samtalen skjer i mindre grupper.

Kanskje kan vi ved å reflektere over kva ei konflikt er, bli meir bevisste om det i liva våre, og kanskje gjere oss betre til å takle uenighet?

Arrangementet er eit samarbeid mellom Forskingsdagane, Velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda og Studenthuset Rokken.

Arrangementet er gratis og open for alle!