LARS VAULAR TIL VEKA 2020

Lars Vaular har vore ein publikumsfavoritt sidan han regjerte hitlistane i 2010 med "Rett opp og ned", og satt ein heilt ny standard for norsk hiphop med albumutgivelsen "Helt om natten, helt om dagen" same år. Siden har han markert seg som ein av Noregs største artistar, og har gjennom samarbeid med artistar som Kamelen, Astrid S, Bjørn Eidsvåg, Unge Ferrari og Myra befestet sin posisjon som ein artist som både transcenderer sjangre og generasjonar - noko som har gitt han fem Spellemannspriser og hedersprisen på P3 Gull.

Mai 2019 ga Lars Vaular ut den superfengande Kroppsspråk. Med linjer som "når ditt beste ikke er godt nok" traff han lyttaren og på kort tid blei Kroppsspråk ein av landets største låtar. Ikkje lenge etter overraska han med eit samarbeid med Röyksopp og singelen To minutter.

«Den nye musikken jeg jobber med blir veldig spennende å spille live. Sangene er nære og personlige, men har også et godt dansetempo som sammen med det visuelle kommer til gjøre konsertene til noe helt spesielt!»

Lars Vaular har, igjen og igjen, blitt prisa for sine liveshows og har over 500 konsertar på CV-en. I 2017 avslutta han Øyafestivalen på bombastisk vis med eit gedigent show der ti år med hits og stor kunst blei oppsummert.

Vi ser frem til ein enorm konsert, kor Lars Vaular nok ein gong skal befeste seg som ein av Noregs største og mest spennande artistar.

ID: 18+
CC: 300/350,-
Konsertstart: 22:00

Billettane er ute!

https://tikkio.com/tickets/12077-lars-vaular-veka-2020?fbclid=IwAR0ffsIdkvSgg-OQnmjilONZvo-5x9TdRA_sbtPvFlIEf91EI4DOv3gTBt4