LIVLEG LAURDAG - 15.FEBRUAR - Propellhallen
Vi gjentek suksessen med Livleg Laurdag og inviterer i år til leik og moro i propellhallen. Her har vi fleire ulike aktivitetar planlagt! Det vert servert pølser, kaker, bollar og kaffi. Det blir mellom anna hoppeslott, maling, og teikning. Sparebanken Møre kjem med maskot og stakemaskin så kom gjerne å hels på dei.

Eirik - JOJO kjem også til å opptre så ditta e noko du ikkje vil gå glipp av! Det ryktas at han har laga eit heilt utruleg show for dykk.
Ta med heile familien, både store og små born og ha ein kjekk laurdag med oss! Vi opnar dørene kl 11:00 og held på til ca 15:00. Arrangementet er gratis og vi ynskjer alle hjarteleg velkomen!

Til opplysning: Det vil vere fotografar til stade under arrangementet, og dei har tydelige retningslinjar om å ta bilete av borna. Dei vil fokusere på å ta bilder av studentane og arrangørane. Men det kan forekomme at borna likevel blir avbildet som ein del av eit større bilde og som uttrykkar stemningen. Vi vil gjerne ha tilbakemelding dersom dette ikkje er greit. Så ta kontakt med ein av oss på arrangementet. Bilda blir lagt ut på sosiale mediar. Hovedsakelig Facebook og insta.

Dørene åpner 11.00 - 15.00
ID: OPENT FOR ALLE
PRIS: GRATIS