
TØFL // FADDERVEKA 25
- 28augStudenthuset Rokken
TØFL-heltane kjem til Volda med nyklekt indiepop i gitarkassene!
TØFL spelar med eit utrettande driv og syng om det stygge og det vakre med ein råskap som røskar og riv. Bandet har dei siste åra spelt ei rekkje kritikarroste og uforgløymelege konsertar. Som ein av headlinarane på Mablis-festivalen 2024 blei dei belønna med ein femmar av Aftenbladet.
Intens glede, rungande allsang og villmannsløp på scena er standard når TØFL spelar, og dei garanterer at skiljet mellom publikum og band forsvinn. Det er som om heile salen strekkjer seg mot noko større saman, og sjølv dei mest hardbarka slepp hemningane.
Med debut-EP-en «Eg ska» frå 2018 etablerte TØFL seg raskt som eit band med enorm energi og ei unik evne til å setje ord på opplevingar dei aller fleste kan relatere til. Debutalbumet Eg fins, WTF!? frå 2022 hausta solide anmeldingar, og blei etterfølgd av ein albumturné som selde ut scener som Rockefeller og Samfundet i Trondheim. To år på rad har dei selt ut Stavangers nye storstove, Fiskepiren.
Dei har gjesta Lindmo og hatt fleire låtar lista hos landets største radiokanalar. Etter å ha spelt i dei fleste norske byar frå Tromsø til Kristiansand, har dei fått ein sjeldan dedikert og lojal fanbase. Det skal godt gjerast å berre sjå éin TØFL-konsert!
18 års aldersgrense
// ENGLISH //
The TØFL heroes are coming to Volda with freshly hatched indie pop in their guitar cases! TØFL plays with relentless energy, singing about both the ugly and the beautiful with a rawness that shakes you to the core. In recent years, the band has delivered a series of critically acclaimed and unforgettable concerts. As one of the headliners at the Mablis Festival 2024, they were awarded a 5/6 by Aftenbladet.
Intense joy, booming singalongs, and wild stage antics are the norm when TØFL performs, and they guarantee the line between band and audience will disappear. It’s as if the whole room reaches for something greater together, and even the most reserved let go of their inhibitions.
With their debut EP Eg ska from 2018, TØFL quickly established themselves as a band with immense energy and a rare ability to articulate experiences most people can relate to. Their debut album Eg fins, WTF!? from 2022 received strong reviews and was followed by a sold-out album tour that included venues like Rockefeller and Samfundet in Trondheim. For two consecutive years, they have sold out Stavanger’s new main venue, Fiskepiren.
They’ve appeared on Lindmo and had multiple tracks listed on Norway’s biggest radio stations. After touring nearly every Norwegian city from Tromsø to Kristiansand, they’ve built an unusually dedicated and loyal fan base. It's hard to stop after just one TØFL concert!
ID: 18+