VAMP TIL VEKA 2020!

Fredag 21. februar 2020 kjem sjølvaste Vamp til VEKA.
Dei er kanskje Noregs fremste eksponentar for vidareføring av folkemusikk kombinert med viser og Rock.

Dørene åpner 19.00
Konsertstart: 21.00
Karaoke med Gard Glomnes: Etter konsert.

Vamp tilhøyrar eliten av norsk musikkliv. Dei tar turen til Volda for å gje publikum ei oppleving i god lyrikk samansett av melodi som har treft den norske folkesjela i ei årrekke. Som været på vestlandet er dei fulle av kontrastar, frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderlige. Gjennom 28 år har Vamp spelt inn 12 album, selt over 1 million plater, mottatt 5 Spellemannprisar og Prøysenprisen. Katalogen av songar dei tek med seg på konsertane er kjente og kjære songar som dei fleste har høyrt om.

Bandmedlemmane som ein vil møte under VEKA består av:
Øyvind Staveland på fele, føytar, vokal, bratsj og trekkspill.
Jan Toft på vokal og gitar.
Odin Staveland på trommar, vokal, piano, perkusjon og trekkspill.
Stian Tønnesen på gitarar, mandolin, tenorbanjo, kor.
Kjetil Dalland på bass og kor.
Lars-Erik Støle på orgel, trekkspill og kor.

ID: 18+
CC: 300/350
Konsertstart: 21.00

Billettar i sals frå onsdag 13 november. Kl 10.00