VASSENDGUTANE - ORIGNALEN AV FESTCOUNTRY!

I 1996 samla 6 unge friske karar seg på Ungdomshuset i Åmdalen i Ørsta til den fyrste øvinga i Vassendgutane si tidsreise. Etter ei tid med mange øvingar med sjølvaste Teddy Nelson som motivator kom fleire nye låtar til, som karane sjøle laga. Etter som tida gjekk fekk Vassendgutane stadig spørsmål om kva stilart musikk dei spela? Slik blei varemerket “Fest-country” laga.

Og dette blei slagordet om stilen til Vassendgutane. Sidan den tid, kan ein trygt seie at ting har hatt den rette utviklinga. Andre nyttar også i dag stilarten Fest-country, og det er kjekt seier karane i Vassendgutane. I 2022 er Vassendgutane blitt ei merkevare, og det leiande bandet i Norge i dette segmentet. Bandet opptrer over heile vårt vidstrakte land til glede både for seg sjølve og eit lojalt trufast publikum.

Vassendgutane er som nevnt: "Originalen av Festcountry". Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsong. Nemner låtar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikoni Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt. Dette er nokre av låtane dei fleste i salen kan teksten på.

Så til sist ei Gladmelding: Vassendgutane har nytta pandemipausen godt. To nye låtar vil kome ut i 2022. Den fyrste i samanheng med vår/sommar turneen og den andre i samanheng med haust turneen.

Bandet:
Alf Rune Melby (Steelgitar)
Ernst O. Brune (Trekkspill)
Arthur J. Bjørdal (Vokal og gitar)
Kim Lillestøl (Trommer)
Sindre Aam (Vokal og bass)
Rune S. Brautaset (Vokal og gitar)
Frank Utgård (El-gitar)

Dørene opnar: 21.00
Konsert start: 23.00
ID: 18+
CC: 300,-/350,-