VASSENDGUTANE FEIRER 25 ÅR MED FESTCOUNTRY! 4. Desember kommer de til Rokken!

Billetter ute NÅ!

Dørene åpner 21.00

ID: 18+

CC: 300,-/350,-

I 1996 samla 6 unge friske karar seg på Ungdomshuset i Åmdalen i Ørsta til den fyrste øvinga i Vassendgutane si tidsreise.

Etter ei tid med mange øvingar med sjølvaste Teddy Nelson som motivator kom fleire nye låtar til, som karane sjøle laga. Etter som tida gjekk fekk Vassendgutane stadig spørsmål om kva stilart musikk dei spela? Slik blei varemerket “Fest-country” laga. Og dette blei slagordet om stilen til Vassendgutane.

Sidan den tid, kan ein trygt seie at ting har hatt den rette utviklinga. Andre nyttar også i dag stilartenFest-country, og det er kjekt seier karane i Vassendgutane. I 2021 er Vassendgutane blitt ei merkevare, og det leiande bandet i Norge i dette segmentet. Bandet opptrer over heile vårt vidstrakte land til glede både for seg sjølve og eit lojalt trufast publikum.

I år er det 25 år sidan Vassendgutane blei stifta, og i skrivande stund er bandet i ferd med å legge bak seg Covidpandemi og ser fram til mange konsertar i jubileumsfeiringa. På grunn av at pandemien har sett ein strek over eit stort antal konsertar har vi bestemt at vi kjem til å feire i 2022 også.

Bandet består av:

Alf Rune Melby (Steelgitar)

Ernst O. Brune (Trekkspill)

Arthur J. Bjørdal (Vokal og gitar)

Kim Lillestøl (Trommer)

Sindre Aam (Vokal og bass)

Rune S. Brautaset (Vokal og gitar)

Frank Utgård (El-gitar)