Akrobaten, fenomenet og showpluggen Kjartan Lauritzen er tilbake i klubben! Med ny musikk i bagasjen og ein tettpakka festivalsommar bak seg, dreg Kjartan og gjengen på tur for å stimulere endorfinproduksjonen i din og dine veners hjerner. Kjøp billett tidleg og gjer deg klar for ei varm og intens oppleving. Velkommen til vinterens villaste fest!

Kjartan Lauritzen har på rekordtid gått frå å vere ein nesten normal gut frå Balestrand i Sogn & Fjordane, til å bli heile Noregs nye rap-superhelt. Med hans breie sognemål tok han fyrst Bergen med storm, før resten av landet opna auger og øyrer for bygdeguten. Ein gledespreiande karakter og eit sjeldan godt rapteknisk talent la grunnlaget for reisa som til no har gjort han til ein av Noregs mest populære artistar utan noko majorlabel i ryggen. I september i fjor slapp han sin sjølvproduserte EP «Fenomenet» som fikk terningkast 6 av musikkredaksjonen i P3.

Han voks raskt ut av små konsertlokale, og erobra festivalscener berre eit år etter han starta som artist. No er han headliner han på nokre av Noregs største festivalar, og det er ikkje utan grunn. Showet han leverer er annleis. Han byr på seg sjølv, og skapar ei unik kontakt med publikum samtidig som framføringa av musikken er på lik linje med dei aller største rap-artistane i Noreg. No er han klar for å erobre Noreg på ny, og du er velkommen!

ID: 18+
CC: 200,- / 250,-
Konsertstart: 22:00


ENG //

Kjartan Lauritzen is for most Norwegian students a well known name. He headlines some of Norway’s biggest festivals and February 13th he will create one of the winters greatest parties at Veka!

ID: 18+
CC: 200,- / 250,-
Concertstart: 10pm