Verda blir meir og meir ekstrem. Frank Løke i borat i beste sendetid er ikkje like oppsiktsvekkande som det ville ha vore for 50 år sidan. Barne-TV går for sakte. Regjeringsskandalar er normal kost. Vi vil ha meir, meir og meir.

Veka er her, og enda betre - det er tid for Vekarevyen 2019!

Vekerevyen har ein lang tradisjon i Volda. Sketsjer, humor, satire og masse gøy markerer starten på Veka og det blir ikkje mindre av dette når gjengen bak Vekerevyen 2019 viser årets revy 10.-12.februar.

Lat oss presentera Vekarevyen 2019:
Ekstrem - meir, meir, meir.

Vi gledar oss til å vise dykk kva vi har jobba med. God fornøyelse og kos deg under VEKA!

10. FEB - søndag, kl. 20:00
11. FEB - måndag kl. 20:00
12. FEB - tysdag kl. 20:00