Atter ein gong står den tradisjonsrike Vekakvissen for tur! Dette blir ein artig kveld frå ende til annan med kviss, underhaldning og konkurransar og musikk i etterkant. Ta med deg vennegjengen og gjer deg klar for ein kjekk kveld! Maks fem personar på kvart lag. Dei siste kvissane på Rokken er veldig populære og vi reknar med at det vert fullt denne kvelden også! Så sørg for å vere ute i god tid. Dørene opnar 19.00 og kvissen startar 20.00

Etter Kvissen spelar Casa Murilo Wednesday Club. Det er gratis for alle som deltek på kvissen. Her vil dei blant anna spele cover låta og lage full allsong i storsal. 27.mars kjem dei attende og står på Rokken scena med resten av bandet sitt.

Vi anbefaler å komme i god tid, for å unngå kø.

ID: 18+
PRIS: GRATIS

Fleire fullmånar har gått sidan to engelske gutar møtte kvarandre, og ein snill mann ved namn Murilo i Brasil. Gutane budde lenge i huset til Murilo, og livet var eit riktig brasiliansk eventyr. Men, så ein dag traff dei to engelske gutane to norske jenter, og dei blei forelska. Dei flytta like godt saman med dei to jentene til Noreg. I Noreg starta duoen Dan og Chris eit band som dei kalte Casa Murilo, som nettopp betyr Murilo sitt hus.