I samband med Sunnmørstreffet blir det stort Rock n Roll Party på Studenthuset Rokken! Kva band passar betre til å rocke enn bandet med det svært passande namnet Stingray. I likheit med ei Corvette Stingray frå 60-talet er bandet rått, høglytt og maskulint!

Materialet er hovudsakleg eigenprodusert rock n roll av ypperste klasse. I tillegg vil det nok dukke opp nokre gode gamle coverlåtar med ein eigen vri, blant anna Elvis sin "That's Alright Mama". Bandet har holdt på sidan 2007 og har gitt ut EP, album, laga musikvideoar og spelt på diverse scener og festivalar rundt om i Norges land. 

Spenn fast sikkerheitsbeltet og gjere deg klar for ei konsertoppleving med fullt trøkk, flat pedal og rett fram Rock n Roll, all night long. Bandet består av: Jossi Cash - Vocals & Guitar, Kenneth Busch - Bass, Kåre Myklebust - Guitar og Tore Ørstavik - Drums. I tillegg vil det muligens dukke opp nokre overaskelsar i form av gjesteartistar denne kvelden.

CC: 200 / 250,-
Dørene opnar: 21.00
Aldersgrense: 18 år