Er du mellom 16-25 år? Spelar du i band eller er du kanskje ein solo-artist? Og vil spele på Rokken? Då bør du melde deg (og bandet ditt) på Talentprisen 2018!

Av bidraga vel juryen ut 4 finalistar som får spele under Bygdesus 13. September. Vinnaren får spele konsert under VEKA i Volda 2019.

Juryen vil bestå av: Dagleg leiar v/ Studenthuset Rokken Åge Staurset, bookingansvarleg Kristina Juul Jørgensen, leiar for VEKA i Volda, Henning Svoren frå Ocean Sounds Recording og Mariann Rosa frå Surferosa

Alt du treng å gjere er å sende oss ei lydfil, video eller link (Lydkvalitet på opptaket spelar ingen rolle) til booking@rokken.no innan 10. august. 

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Vh
Bygdesus