Etter over 30 år på vegen har Hellbillies ein urokkeleg status som eit av landets aller beste liveband, endeleg er dei på veg attende til Volda. 

Hellbillies har underhalde publikum i kvar einaste krik og krok av Noreg sidan 1990.
Etter tallause turnear og plateslepp, haustar legendene framleis fantastiske tilbakemeldingar frå både meldarar og publikum. 

Då Noreg stengde ned grunna covid-19, hadde bandet akkurat starta den svært utselde jubileumsturnéen, som skulle bli den lengste turneen deira. No er ventetida over, og førstkomande fredag kan du sikra deg billettar til ein av dei største storhendingane i haust. 

– Hellbillies er store favorittar her i bygda, sist dei var her vart billettane rivne vekk, så om du vil ha plass gjeld det å vera tidleg ute! Seier Åge Staurset, dagleg leiar ved Studenthuset Rokken.

Hellbillies har selt over éin million plater, og stadig nye generasjonar oppdagar dei mange bidraga deira til den norske songskatten. Eit nyleg døme på dette er stjerneskotet Emma Steinbakken, som tolka Hellbillies-klassikaren «Eg gløymer deg aldri» til NRK-suksessen Rådebank, og som toppa både radio- og strøymelister i lengre tid. 

Så om du vil syngja med til udødelege klassikarar som «Den finast eg veit», «Ei Krasafaren Steinbu», «20 år på vegen» og «Søvnlaus», då er det berre ein stad å vera laurdag 11. november: Studenthuset Rokken!
 

Billettane blir tilgjengelege på fredag 16. juni klokka 12:00