Torsdag 4. mai er Ontz tilbake i Volda! Etter at dei varma opp for Bernhoft i september 2014, er dei igjen klare for å skape god jazz-stemning på Rokken. Denne gongen er dei aktuelle med albumet "Overgrowth", som kom ut tidlegare i år.​ Plata fikk fin omtale både i dagspressa og på nettet, og Ontz lagde kokvarm stemning på Blå i Oslo på releasekonserten sin 8. januar. Dei vert omtalt som ein duo som låter som eit stort orkester, og som spiller feit bass og tromme-basert ​jazzinfisert ​popmusikk med frodige synth-detaljer og glitrande vokal! Gruppa består av  Bjarne Chr. Gustavsen (tangenter), frå blant anna Maria Mena og Philco Fiction,​ og Mai Elise Solberg (programmeringer/perk/vokal) ​frå Hanne Hukkelberg og Små Grå. Kom på Rokken for å høyre eit unikt liveband, der drivande pop og improvisasjon går saman i ein sjølvsagt eining.

Konserten startar 21.00

Billettprisar:
Student/VGS-elev: 50,-
Ikkje-medlem: 250,-
Medlem: 150,-

Medlemsskap for 2017 kostar 300,-