Martin Lepperød, kjent fra "P3 Morgen", "Dynga" og "Kongen Befaler" kjem til Volda med suksess-showet KAKERLAKK

Eit soloshow av og med Martin Lepperød - Eit stand up show om livet, døden, Mømfi (hunden til Martin), traume og det å prøva å vera eit godt menneske. Martin Lepperød tek deg med på ein humoristisk refleksjon rundt sitt eige liv, for å finna ut om han er eit skadedyr eller eit menneske folk kjem til å seia sånn “åh han er ein fin fyr som me kjem til å sakna når han døyr”. Det blir gråting i bil, babysymjing og sjølvforsvar i parken. Synest du dette høyrdest litt seriøst og tungt ut? Ikkje gløym kven avsendaren er. 

Allereie har Martin turnert land og strand med “Kakerlakk, og fredag 26. april er det endeleg Volda som står for tur!

Billettar er ute på Tikkio no!
Medlem: 360,-
Ikkje-medlemmer: 410,-

Dørene opnar 20:00
Showstart 21:00

18 års aldersgrense