Gjer deg klar for historias første Bygdesus! Frå 14.-16 september kan du oppleve rykande fersk musikk både frå lokale og nasjonale artistar i studiebygda Volda. Med eit bredt spekter av sjangrar er dette ei festivaloppleving for kvar og ein, uansett musikksmak. Er du house-entusiast eller indieelskar, ung eller vaksen, student eller lokal vil du garantert finne noko som passar for deg. 

Som hovudarrangør har vi fått med oss eit av Noregs leiande bookingbyrå Nordic Live og VEKA i Volda. Bygdesus er ein reindyrka musikkfestival der målet er å fremje norske up and coming artistar. Det heile vert sparka i gong torsdag 14. september med finalen og utdeling av VEKA-stipendet i regi av VEKA festivalen. Fire unge artistar og band kjempar om å vinne førstepremien; ein eigen konsert under VEKA 2018. Vokalist i Surferosa, Mariann Rosa er på plass i juryen, og vi lovar ein forrykande finale. 

Heile festivalen vil føregå på Rokken, med paralelle konsertar der du kan vandre gjennom huset og oppleve ny musikk i kvart rom. Med ei herleg blanding av konsertar og klubbstemning kan du som musikkelskar denne helga oppleve artistar utan å måtte reise langt eller tømme lommeboka fullstendig. Festivalpass får du på Tikkio for kun 350/400,-.
 

Med et variert program kan du blant anna oppleve fargerik pop frå den nordnorske popsensasjonen Kajander, som tok heile Norge med storm då han slapp sin første singel "E du den du vil vær?" våren 2016. Hajk, som blant anna fekk ei av låtane sine med i Unge Lovende på NRK, og "Queen B" rapdronninga Izabell. Mellom konsertane i storsalen kan du høyre singer/songwriter Kristian Haugen og elektroduoen Mute the Machinery i kaféen. Laurdag køyrer vi klubbkveld med omtrent en DJ i kvart einaste ledige rom. Vi gler oss til tre deilige dagar med musikk!

 

PROGRAM:
 

TORSDAG 14.09
VEKA-stipend: Finale!
Jeki
Bygde:pub

FREDAG 15.09
Hajk
Kristian Haugen
Kajander
Mute The Machinery
Izabell

LØRDAG 16.09 
KLUBB:SUS 
DJ Anna
DJ Maggie
DJ Danny
DJ Åge

ID: 18+ (20+ på konferanserommet)

 

Sjåast på festival!