På litt over eit år har Sigrid turnert i både Europa, UK (m.a. Wembley Arena), USA og Asia, og fylt Oslo Spektrum (som Aftenposten gav terningkast 6 med overskrifta «Sigrid løftet taket i Spektrum»).

I tillegg har ho nyleg headlina både Neonfestivalen i Trondheim og Bergenfest, og skal toppe plakaten på Midnattsrocken, Ravnedalen Live og Øyafestivalen denne sommaren.

Vi har vore på tur over heile verda dei siste åra med mine to album, men no er det altfor lenge sidan vi har spelt svette klubb-gigs i Norge. Så no gler eg meg heilt vilt til turné for første gong her på fleire år! Satsar på dansegolv på festivallåtane og ikkje eit tørt auge på balladane, hehe. Sjåast snart! - Sigrid

Med 1,6 milliardar strøymingar verda over, ein million selde album, og m.a. hitsinglane «Strangers», «Don't Kill My Vibe», «Bad Life», «Don't Feel Like Crying», «Home To You», «Mirror» og «Burning Bridges» har Sigrid verkeleg vist talentet sitt for å skrive svært fengande poplåtar.

Det er fire år sidan førre Norgesturne, men no skal superstjerna frå Ålesund endeleg tilbake på vegen her heime. Det finst ingen tvil om at dette kjem til å bli eit høgenergisk og minneverdig show ein absolutt burde få med seg.
 

Billettane sleppast fredag 23. juni klokka 10.