Fredag 31. mars er det klart for Klypa - Med prostata mot stjernene! I den forbindelse utvidar vi opningstidene i cafeen. Nyt god mat og noko godt i glaset, som ei hyggjeleg oppvarming til Klypa-showet! 

Det vert mogleg å reservere bord i caféen til to ulike klokkeslett, 18.30 eller 19.30. Dei som bestiller bord får også reserverte plassar i salen.  

For å reservere bord, ring 70 05 59 99 på dagtid. Vi serverar mat frå vår vanlege hovudmeny. Den finn du på meny-knappen nede til høgre. 
 

Klyp - Med prostata mot stjernene

Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow. Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil nok dei fleste kjenne seg att. Vi får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet.

I showet «Med Prostata Mot Stjernene» bør publikum gjere seg klar for nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form!

Billettar til Klypa finn du på Tikkio.