Vi er på jakt etter ein smilande, serviceminded og initiativrik kafémedarbeidar i 100% fast stilling.

Kva skal du gjere?

  • Vere vårt blide ansikt utad, utøve strålande service og sørge for at kaféen er ryddig og presentabel.
  • Ta hand om bestillingar, tilberede mat, servere og rydde slik at alle gjestane blir fornøgde.
     

Kven er du?

  • Serviceinnstilt og sjølvstendig
  • Ein god lagspelar med eit positivt sinn
  • Snakkar både norsk og engelsk
  • Flink med mennesker
     

Vi tilbyr

  • Ein hektisk og spennande kvardag
  • Eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø
  • Dei flinke kokkane i Studentsamskipnaden vil stå for opplæring, og du vil jobbe i tett samarbeid med dei
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande tariff
     

Du blir tilsett i Studentsamskipnaden i Volda. Arbeidsstad vert hovudsakleg på Rokken Café, men i periodar kan det også bli aktuelt å jobbe i kantina på høgskulen.

 

Vi gleder oss til å høyre frå deg! 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Jan Harald Eikenes tlf. 911 57 009.

Søknad med CV sendast via søknadsskjema på finn.no eller på epost til: jan-harald@sivolda.no 


Søknadsfrist: 26. juni 2023
 

 

Om arbeidsgiveren

Vi i Studentsamskipnaden i Volda(SiVolda) arbeider for at studentane i Volda skal ha ein så fin og trygg studiekvardag som mogleg.

SiVolda er ein velferdsorganisasjon for vel 4000 studentar i Volda. SiVolda er ei sjølvstendig verksemd innan høgskulesystemet med ansvar for drift av mellom anna studentbustadar, kantine, kafé, barnehage, studenthus og sosial- og psykologisk rådgjevingsteneste. SiVolda har rundt 30 tilsette og ei årsomsetning på om lag 55 mill. kr.

Om Rokken Café

Rokken Café er ein street food-kafé tilknytt Studenthuset Rokken i Volda sentrum. Vi er ein kafé for alle - både studentar, lokalbefolkning og turistar.