19:00 Mastermøte – Dokumentar og journalistikk
Gjennom forskingsprosjektet Algae to Future, har masterstudentar ved Avdeling for mediefag laga webdokumentar og animasjonsfilmar om berekraftig matproduksjon ved bruk av mikroalgar. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, og er eit av fleire prosjekt innan forskingsformidling ved avdelinga. Silje Glosli, Veronika Madsen, Pepe Garcia, Christoffer Blomvik, Alida Nielsen og Jens Villa vil vere mellom studentane som deler sine erfaringar frå den praktiske mediemasteren etter at dei mellom anna har laga tre animerte sit-com episodar med algar i hovudrollene, ein kunstnerisk 3D-animasjon om fotosyntesen og ein webdokumentar om korleis mikroalgar kan løyse utfordringar med matforsyning på makronivå.

20:00 Animert oppvekst
For fjerde gong presenterer dosent Gunnar Strøm, Avdeling for mediefag, korte animerte filmar relatert til årets tema på Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

«Animert oppvekst» er eit filmprogram med svært ulik tematikk og uttrykk om kor fint/vanskeleg/trist/brutalt/moro det er å vekse opp og finne sin eigen identitet.

Programmet vil vere i utvikling heilt fram til visninga, men forvent filmar av Anita Killi, John Lasseter, Caroline Leaf, Knut Eide, Ron Wrake og fleire tidlegare Volda-studentar. Og ein Donald-film!

21:00Dokumentarfilmvising
Vising av dokumentarfilm: «Bjarne vil ikke på film». Regi: Weronika Nitsch.

«Bjarne vil ikke på film» er en fortelling om hvordan en utenlandsk kvinne med filmkamera invaderer livet til sin nabo Bjarne. Hvem er han egentlig? Hun spør om liv og død, håp og drømmer. Han spør om hun ikke snart kan holde opp. Men når kvinnen bak kamera nekter å gi seg, oppstår et samspill sjelden sett på film - fullt av absurditeter, varme, alvor og humor. Og stort sett bare ubesvarte spørsmål.

Introduksjon av dokumentarfilmen og fagleg ansvarleg for filmkvelden er høgskulelærar Hans Martin Dypvik, Avdeling for mediefag.