Hellbillies har underhalde publikum i kvar einaste krik og krok av Noreg sidan 1990. Etter tallause turnear og plateslepp, haustar legendene framleis fantastiske tilbakemeldingar frå både meldarar og publikum.

Hellbillies har selt over éin million plater, og stadig nye generasjonar oppdagar dei mange bidraga deira til den norske songskatten. Eit nyleg døme på dette er stjerneskotet Emma Steinbakken, som tolka Hellbillies-klassikaren «Eg glymer deg aldri» til NRK-suksessen Rådebank, og som toppa både radio- og strøymelister med «Eg gløymer deg aldri» i lengre tid.

Bandet er som alltid med brørne Aslag og Lars Håvard Haugen og i spissen har ein energi og rutine som er ein sann fryd å oppleva.

Så om du vil syngja med til udødelege klassikarar som «Den finast eg veit», «Ei Krasafaren Steinbu», «20 år på vegen» og «Søvnlaus», da er det berre ein stad å vera laurdag 11. november: Studenhuset Rokken!
 

Doors: 21:00
Show: 23:00
18 års aldersgrense
 

Medlem: 499 +bill.avg.
Ikke-medlem: 549 +bill.avg