Vi har lyst å starte med «Inspokveld» på Rokken! Og denne fyste kvelden inviterar vi til inspo-verkstad der dei som har lyst å vere med møtast over deilig ferskt bakverk, søtsaker, kaffe og te, og la idear og innspel få fritt spelerom :)
 
Idemyldringa vil foregå i kafeen på Rokken i mindre grupper, og vi går for «veldig uformelt og hyggeleg» som stemning :) Utgangspunktet er å finne idear til kva ein tenker at ein inspokveld kan vere, og kva det kan ha som tema – og kven er ikkje betre til å kome med idear til det ein akkurat du?

I tillegg prøvar vi oss på eit lite eksempel på kva ein inspokveld kan vere, og du vil få med deg litt inspirasjon og utstyr til noko som kan gjere det litt ekstra hyggeleg i vinduskarmen på hybelen din, du kan få vårstemning av, og kanskje etter kvart endar opp på brødskiva di? :)
 
Det vil vere plass til 20 studentar på dette arrangementet. Det er gratis og ingen påmelding er naudsynt på førehand. Her blir det «fyst til døra»-prinsippet ;) Vi møtast i kafeen på Rokken der dørene opnar kl. 18, og arrangementet startar kl. 19 til ca. 21.
 
Har du lyst å vere med å bli litt inspirert, engasjert, få deg ein ny hobby eller berre gjere noko hyggelig saman med andre?
 
Håper vi sjåast :)
Helsing Velferdsgruppa på Høgskulen i Volda
 
Hugs også:
⁃ Hald deg heime om du er sjuk.
⁃ Hald minst ein meter avstand til andre.
⁃ Ha god handhygene med grundig og hyppig vask, eller benytt handsprit.