Sunnmøre Baarelag opnar Festspela 2021 med ein konsert utanom det vanlege, torsdag 10.juni på Studenthuset Rokken i Volda.
 
– Baarelaget er kjende i både lokal og nasjonal storleik. Bandet har stått i spissen for å nytte nynorsk språk og dialekt i populærmusikken, seier arenaleiar ved Aasentunet Olav Øyehaug Opsvik.
Sunnmøre Baarelag vart starta i 1980, gav ut si første singelplate i 1983 og er framleis ein gjengangarar i NRK Radio. Bandet, som levde ut rockemyten rundt om på Vestlandet i 80- og 90-åra, er framleis i godt driv – ein god del eldre, men fulle av erfaring frå både opp- og nedturar.
Baarelaget lovar ei heilt spesiell konsertoppleving med fleire spennande gjesteartistar.
– Maria Hovdenakk, Ingeborg Lejon og Christoffer Jensen er med som koristar. Svein Erik Åmås er med på keyboard, og Lars Egil Vågseter kjem med steelgitaren sin, fortel Kyrre Grimstad i Baarelaget.
Bandet kjem til å spele mange av dei mest kjende låtane, men har også mindre kjende godbitar på lur.
 
Dørene åpner 20.00
 
ID: 18+
CC: 250,-/350,-