Studenthuset Rokken har sidan 2005 vore eigd og drive av Studentsamskipnaden i Volda, men kveldsdrifta hadde ikkje gått rundt utan god hjelp frå Studentsamfunnet i Volda. Derfor får alle medlemmer i Studentsamfunnet 50 kr i rabatt på alle billetterte arrangement på Rokken!

 

Alle studentar ved Høgskulen i Volda kan bli medlemmer i Studentsamfunnet, ved å kjøpa medlemskap på Tikkio. som medlem kan du også bli med i Samfunnsstyret, der ein kan vera med å påverka kva Studenthuset arrangerer og driv med.