Kor mykje kostar billettar?

Billettpris finst på arrangementssidene på Tikkio.com, eller i arrangement på Facebook. Arrangement med billettpris under 150 kr har ikkje førehandssal på Tikkio, men blir selde i døra.

 

Må eg kjøpa billett på førehand?

Mange av konsertane og temafestane våre kan vera svært populære, og bli utselt på førehand. Vi tilrår derfor alltid å vera tidleg ute om du er redd for å ikkje få plass, men det er mogleg å kjøpa billett i døra, viss det ikkje endå er utselt.

 

Kan eg selja billetten min vidare?

"Billettar til teaterframsyningar, konsertar, idrettsarrangement og liknande, kjøper du tryggast via dei offisielle salskanalane. Vel du andre salskanalar, bør du forsikra deg om at billettane blir leverte, og at det er ekte billettar." - Forbrukarrådet

Vi legg oss ikkje opp i vidaresal, men det blir gjort på eige ansvar. Det er ikkje angrerett på kjøp av billettar til kultur- eller idrettsarrangement, så vidaresal kan vera ei løysing så fleire får vore med på moroa.

 

Kan eg kjøpa billett til familie/venner under 18?

På Rokken er det som hovudregel 18 års aldersgrense på alle arrangement, men me kan i enkelte tilfelle tillata at personar under 18 kjem inn ifølgje med verje. Berre ta kontakt med oss på førehand, så finn vi ut av det!

 

Vilkår

Når du deltek på arrangement på Studenthuset Rokken, godtek du å følgja husreglane våre, og norske lover. Du skal retta deg etter beskjedar frå dei som er på jobb, og ikkje oppføra deg på ein måte som er til skjemsel for andre gjester, eller til skade for Studenthuset.