På Rokken er det som hovudregel 18 års aldersgrense, om ikkje anna er annonsert. For å komma inn som gjest må du kunna legitimera deg, under finer du ei liste over det me godtek som gyldig legitimasjon.

NORSK LEGITIMASJON

  • Norsk pass
  • Nasjonalt ID-kort
  • Fysisk førarkort
  • Bankkort med bilete og fødselsnummer
  • Forsvarets ID-kort
  • Norsk utlendingspass
  • Norsk utlendingsbevis

UTANLANDSK LEGITIMASJON

  • Utenlandsk pass
  • Nasjonalt ID-kort frå EU/EØS


Sjølv om reglane våre har vore dei same sida me opna, er det mange som slit med å hugsa reglane våre, under finn du ei liste over det me IKKJE godkjenner som gyldig legitimasjon.

  • Førerkort-appen
  • BankID på mobil
  • Studentbevis
  • Lærlingbevis
  • Bursdagsgratulasjoner på Facebook
  • Bilde av gyldig ID


Vi sest på Rokken!