Tenk det, at midt inne i ein bortgøymd fjord på vestlandet har vi Noregs aller beste Studenthus!

Neida.

Joda.

Men korleis går det eigentleg rundt å driva konsertscene og møteplass her oppe? Jo fordi vi har verdas aller beste, snillaste og finaste frivillige! Frivilligheita har sterk tradisjon i Volda, og kvart år møter det opp nye studentar klare for å vera med å gjera bygda best mogleg for kvarandre. Som Rokken-frivillig jobbar du to skift i månaden så venane dine kan dra ut, og når du vil ut så er det nokon andre som steppar opp. Med samarbeid og samhald byggjer vi Noregs aller beste studiemiljø!

Typisk ansiktsuttrykk på vaktfrivillig som blir bedt om å sette opp sperreband. Foto: Tare Reklev Øverbø

 

Men kva anna betyr det å vera frivillig?

Vi har 7-11 grupper på huset, med ulike oppgåver (Kjem litt an på korleis du tel). Som frivillig er du hovudsakleg med i éi gruppe, der du jobbar to skift i månaden, og du melder inn kva dagar du helst vil jobba. Om du ønskjer, så finst det også moglegheit for å vera i fleire grupper, og veksla mellom kva ein jobbar i - berre prat med oss, så finn vi ut av det! Du får sjølvsagd opplæring i alt som er relevant for gruppa di, både gjennom god kursing, og på jobb saman med flinke kollegaer.

Som frivillig får du ein del kula gode på huset som gratis garderobe og rett til å snika i køa, og vi deler ut gratisbillettar til nesten alle arrangement og konsertar!

Den ikoniske Rokken-baren. Foto: Tare Reklev Øverbø

 

Er det mykje å forplikta seg til? Eg har lyst til å vera med på andre ting òg...

Frivilligheit er akkurat kva du gjer det til! På Rokken har vi massevis av ulike arrangement, og vi treng både den som vil jobba store konsertar, og små spelekveldar. Og det er ikkje to kveldar du då "mistar", tvert om så kan kvelden du jobbar fort bli ein av dei morosamaste du har! På skift møter du venner på begge sider av bardisken, du får sjå kule artistar, eller vera med på kviss-turneringa til dei frivillige. På pauserommet er det alltid livleg prat, og ikkje minst veit du alltid at du blir teken godt imot. Og viss du skulle kjenna at det blir trongt med tid ein månad, du vil prøva ei anna gruppe eller kanskje Rokken ikkje var heilt tingen din, då tek vi ein prat og finn ut av det.

Frivillige som koser seg på jobb under konsert. Foto: Iver Alne Bolin

 

Viss du har nokre spørsmål er det alltid berre å senda oss ein DM på Facebook eller Instagram, senda ein e-post til studentsamfunnetivolda@gmail.com, eller kom opp og prat med oss på jobb!